fredag 29. mars 2013


Årsmelding 2012

 

 

Styret har etter val på medlemmer og varamedlemmer til styret 28.Februar  2012

hatt denne samansetjing:

 

Leiar: Atle Reidar Sandnes

Nestleiar/skrivar: Johannes Nedrebø

Kasserar: Veronica Aalhus

Styremedlem: Anders Kristian Sægrov

Styremedlem:Steinar Øvrebø

Varamedlemmer: Silja Juklestad, Grete Huus, Erlend Gjelsvik.

 

Vi har helde 2 Styremøte i perioden, 13.03,19.06 der vi har handsama 10 saker.

 Restaurering: Det er ikkje utført restaurering i tunet i 2012,dette på grunn av manglande finansiering.

Ljoren som er laga på Sunnfjord Museum vart ikkje montert hausten 2012,dette må ein få gjort våren 2013.

 

Finansiering og planar: Det er i 2012 søkt om midlar frå Norsk Kulturminnefond og Sogn og Fjordane fylkeskommune: Freda bygningar. Svaret desse søknadene kjem i april 2013.

Desse midlane skal saman med dei kr. 150 000 og 25 000 som er løyvd frå UNI stiftinga og Sparebank stiftinga Sogn og Fjordane vere med på å finansiere planane vi har for «Folk i Tunet»

 

Utført dugnadsarbeid i 2012: Skrapa av masse på tunet. Denne massen låg oppetter bordkledning på løa og svalstove. Dette var «synder» frå Hugleikson spelet.

Vi fekk i 2012 spørsmål frå Bjarte Øvrebø og Reidun Støfring

 om stiftinga ville stille tunet til disposisjon for eit nytt spel om Audun Hugleikson. Etter drøftingar i styret vart det avslag på dette med grunngjving av styret ikkje sog at det var rett å bruke tunet til slike store arangemang, med oppsetjing av kulissar dei freda husa som rett bruk.

Marknadsføring: Det vart i løpet av året oppretta ei Facebook side for Stiftinga Bensentunet ,den har til no fått 55 Likarar"(vener,medlemer). Denne kan blant anna brukast til å oppfordre til å støtte oss på Grasrot andelen og legge  ut bilete av tunet.

 

Vassenden, 7.Mars 2012    
Styre 2013

På styremøte/årsmøte 16 Mars vart dette styret valgt:

Anders Kristain Sægrov
Ole Magnus Kapstad
Steinar Øvrebø
Johannes Nedrebø
Per Inge Indrebø

Nye i styret er Ole Magnus Kapstad og Per Inge Indrebø, desse erstatta Veronica Aalhus og Atle Reidar Sandnes som ikkje tok gjenval.

onsdag 12. september 2012


 ÅRSMELDING  FOR  2011:

 

Styret har etter val på medlemmer og varamedlemmer til styret 23 april 2011

hatt denne samansetjinga:

 

Leiar: Grete Huus

Nestleiar: Ingrid B Håheim

Skrivar: Silja Juklestad

Kasserar: Veronica Aalhus

Styremedlem og pressekontakt: Atle Reidar Sandnes

Varamedlemmer: Erlend Gjelsvik. Åse Hegrenes og Jan Ludvig Hundvebakke.

 

Det har ikkje vore avhalde styremøte i perioden.

 

Restaurering: I 2011 er det berre utført restaureringsarbeid på sperrestova + ein naudreparasjojon på stabburstaket då det blei oppdaga lekkasje der. Alle dei løyvde midlane for 2011 er brukte utan at restaureringa er heilt ferdig. Ein rest står att på restaureringskontoen og er øyremerka ljore som skal monterast av Bjarte Risnes. Ljoren er bestilt hos museumshandverkar Jon Barlund og blir ferdig i løpet av våren 2012. Det er sett opp nytt budsjett for total ferdigstilling, og det blei søkt om nye midlar til hos fylket / riksantikvaren i november 2011.

 

Finansiering og planar: Det blei i 2011søkt om midlar for tilbygg til Nystova og anretningskjøken i sperrestova hos stiftelsen UNI og Sparebankstiftinga i S og Fj. Vi fekk 150 000 hos UNI og 25 000 hos Sparebankstiftinga. Midlane frå UNI blir først utbetalt når resten av finansieringa er fullført. Det er sendt dispensasjonssøknad for montering av anretningskjøken. Frå kulturavdelinga i fylket har vi fått ein antikvarisk uttale om Bensentunet som er ei god støtte når det skal søkjast om fleire midlar seinare.

 

Jan L. Hundvebakke utarbeidde forslag til sanitærbygg / parkeringsplassar i april. Planane vil møte motsegn frå kulturavdelinga i Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Dei ber styret om heller å gå vidare med planane om å bygge om / bygge nytt sanitæranlegg der den nyare garasjen står ved innkjørsla til tunet og vurdere parkeringsløysingar som ikkje gjer så store inngrep i kulturlandskapet.

        

Utført dugnadsarbeid i 2010: Slått i tunet og vanleg vedlikehald.

 

 

Jølster, 11 februar 2012    

 

 

 

Grete Huus                                   Silja Juklestad                                     Atle Reidar Sandnes                                 

 

 

                    Veronica Aalhus                                     Ingrid B. Håheim

 

 

mandag 10. september 2012

Styret 2012-13

Styreleiar: Atle Reidar Sandnes
Nestleiar:Johannes Nedrebø
Kasserar:Veronika Aalhus
Styremedlem:Anders Kristian Særgrov
Styremedlem:Steinar Øvrebø

Desse vart valgt på styremøte 11. Februar 2012.

lørdag 28. august 2010

August 2010: Sperrestova med ny pipe og fyr i omnen

Utsikt frå stabburstaket
Det har vore utført godt arbeid i sperrestova i Bensentunet i sommar! Murmeister Arne Halbrend og Bjarte Risnes frå Nedre Jølster bilelag har murt pipe og utført snekkarbeid slik at det kunne fyrast i omnen 26 august. Nyfyrt omn ga god varme og dis i stova.


Bjarte Risnes


torsdag 1. april 2010

Omnsrapport frå styreleiar

1995      1995


1995.Detalj

Omnen som stod i sperrestova var av typen vestlandsk kokeomn, R. Wallendahls modell 215 E, sjå foto frå 1995. Den blei produsert på Ulefos værk. R. Wallendahl i Bergen var ein stor forhandlar og bestilte sannsynlegvis omnar med eige namn på. Omnen vart vurdert restaurert, men det viste seg at den var så skada at det ville blir svært kostbart å gjere det. M.a. må det støypast fleire heilt nye delar, sjå foto. Stiftinga har søkt om, og fått dispensasjon til å sette opp dei nye omnane i tunet.

Skal vi restaurere?

 

Eg fann etter ein del research fram til ein vakkert restaurert omn hos Anders Sundvold på Leira som blei produsert ved Ulefos Værk i same tidsrom som den opprinnelege. Den er svært lik den gamle bortsett frå at den er ein etasje lågare. Denne omnen er også produsert for R. Wallendahl, og modellen er 215 C. I juli reiste Bjørn Kaaks og underteikna til Leira for hente den, men på returen låg det to flotte omnar stabla bak i bilen! I det store utvalet av restaurerte omnar på verkstaden til Sundvold fann vi også ein til Nystova.

Sundvold:Viss de tar denne også,skal de få ein god pris....
                                                              
I Nystova har det stått ein omn av ein mindre type vestlandsk kokeomn. Her finns berre få delar att, på ein av delane stod det R. Wallendahls modell 173 E. Den vi fann var ein fint restaurert kokeomn frå same periode som er produsert i Bergen på Laxevaag Værk.

Prøveoppsetting. Passer perfekt til Nystova.



Prøveoppsetting av kokeomnen til sperrestova:


Arbeidet med restaurering av pipe og montering av omn i Nystova tok til i september. Arbeidet drog ut i tid p.g.a. mykje dårleg ver og opptekne handverkarar som skulle samkøyrast. Ein frostperiode i oktober gjorde til slutt at det ikkje kunne murast pipe i sperrestova som planlagt i år. Dette arbeidet skal gjerast i april / mai 2010.

Montering av omn i Nystova oktober 2009.

 

Bilder av pipearbeid  november 2009:





Det måtte skaffast murstein til muring av pipe i sperrestova, og etter tips tok eg kontakt med Frode Høyvik i Balestrand, eigar av Askelund futegard. Han hadde steinar ( inkludert ein del klinker ) for sal til eit godt føremål som vårt. Bjørn Kaaks og eg reiste til Balestrand og fekk med oss 300 mursteinar. Vi jobba nokre kveldar utover hausten med å reinse steinane i Kaaks sin nyoppretta ”klinkerverkstad” under Nystova. Resten tek vi til våren 2010!
Arbeids- og kveldstemningsbilder frå "klinker"verkstaden under Nystova:






Grete Huus, 10 des 2009

Årsmelding 2009





















Slåttedag i tunet 22 juni 2009.                                                                                                                

Det vart på ekstraordinært styremøte 27 april valt nytt styre for 2009. I samsvar med vedtektene vart to av medlemmene trekte ut til å stå på val, desse var Sigmund Eikås og Atle Reidar Sandnes. Atle Reidar Sandnes vart samrøystes valt for to nye år. Sigmund Eikås sa nei til attval og gjekk av som leiar for stiftinga. Forslag til endring av §2 og §4 i vedtektene vart samrøystes godkjende på møtet.

Det nye styret vart slik etter konstituering:
Leiar : Grete Huus
Nestleiar: Ingrid Norum
Kasserar: Veronica Aalhus
Skrivar: Silja Juklestad
Politisk lobby og presse: Atle Reidar Sandnes
Varamedlemmer med møterett: Erlend Gjelsvik, Åse Hegrenes og Olav Øygard

Styrearbeid:
Det første møtet med eit nytt styre starta i mai med idemyldring under leiing av ass. fylkeskulturdirektør Svein Arne Skuggen Hoff og omvising i bygningane ved Erlend Gjelsvik frå Nedre Jølster bilelag. Der og då fekk vi laga ein struktur rundt det som skal vere prioriteringsområda for stiftinga: ”Føremålet til stiftinga er å ivareta, restaurere og drifte dette freda tunet. Stiftinga skal arbeide for å skape eit levande tun for kunst og kultur”, §2.
Vi har to parallelle fokus: restaurering av den freda bygningsmassen og å åpne tunet for kulturelle aktivitar for folk i grenda og for anna publikum. Før det siste kan realiserast, må ein del restaureringsarbeid – og anna arbeid med bygningane vere gjort. Førebels manglar t.d. både kjøken- og toalettfasilitetar. Søknadar om midlar til dette blir utarbeidd til ulike instansar i 2010.

Dette styret vel å arbeide sakte, men sikkert for å oppfylle føremåla til stiftinga. Vi har lagt opp til at stiftingsstyret er eit arbeidande styre, der vi oppsummerer og fordeler nye arbeidsoppgåver etter kvart møte.

Ålhus er teke med i Sogn og Fjordane sitt bygdeutviklingsprogram, og på det siste møtet vårt, 8 des 09, inviterte vi Ålhus Grendalag for å sjå på moglegheitane for samarbeid. Vi diskuterte Bensentunet sin plass i utviklinga av grenda Ålhus, og gjorde avtale om kontakt og samarbeid framover.

Stiftinga fekk kr 10 000 i driftsstøtte frå Sparebanken S & Fj, avd. Jølster, dette har berga oss gjennom 2009 slik at vi har fått betalt alle avgifter, forsikring og anna. I tillegg gjorde Sunnfjord Energi sponsorarbeid for kr 62 500 med utbetring av det elektriske anlegget som var i svært dårleg forfatning. Selskapet fekk som motyting ein del kunst frå leigetakar i Nystova, Bjørn Kaaks.

Frå 11 mai til 8 des har styret handsama 40 saker.

Litt om kva som er blitt gjort med bygningane i år:
Etter søknad og overføringar frå tidlegare løyvde midlar, fekk vi i løpet av 2009 tilsegn om kr 225 000 til restaurering, og arbeid starta opp om hausten. Det vart føreteke naudreparasjon på løetaket med fibermasse og bølgjeblekk på møne og raft. Nystova fekk ny pipe og god restaurert vedomn som straks blei teken i bruk. Vi har også fått tak i ei svært fint restaurert vedomn til sperrestova. Stiftinga søkte om, og fekk dispensasjon til, å sette opp dei to nye omnane i tunet. Begge er frå same tidsperiode som dei som har stått i husa tidlegare, og er typiske vestlandsomnar. Omnen i sperrestova er av lik modell som den opprinnlege, berre ein etasje lavare. Dei resterande midlane er no øyremerka ferdigstilling av sperrestova inkludert arbeid med pipe og omn der. Nedre Jølster bilelag og murmeister Arne Halbrend utførde arbeidet i og på bygningane. Fjøs og løe står på vent når det gjeld restaurering.

Løa har blitt brukt som lager for store mengder rekvisittar og byggjemateriale frå Audun Hugleiksonspelet i tunet i 2002 og 2004. Ansvarlege frå teateroppsetningane har i løpet av sommaren og hausten henta fleire lass, og Bjørn Kaaks har rydda restane og saga mykje opp til ved.
Også i fjøsen var det oppbevart gjenstandar frå teateroppsetningane, desse er rydda ut og køyrt bort av ansvarlege for spelet.

Uteområdet:
Tunet har blitt sprøyta mot ugras, graset slege og to tregrinder blei laga og sett opp for å halde beitedyr ute. Då det etter ein lang periode med nedbør hadde samla seg svære mengder med vatn i kjellaren under svalstova, måtte det lagast ei dreneringsgrøft ut. Bjørn Kaaks har stått for mesteparten av arbeidet i tunet.


Svidal 8 mars 2010

Grete Huus

onsdag 28. oktober 2009

Tunet i 2009

Foto: S. Nordrumshaugen

Slått i juni. Foto Silja Juklestad

Tunet i 2004




Foto: Arki

tirsdag 9. juni 2009