onsdag 12. september 2012


 ÅRSMELDING  FOR  2011:

 

Styret har etter val på medlemmer og varamedlemmer til styret 23 april 2011

hatt denne samansetjinga:

 

Leiar: Grete Huus

Nestleiar: Ingrid B Håheim

Skrivar: Silja Juklestad

Kasserar: Veronica Aalhus

Styremedlem og pressekontakt: Atle Reidar Sandnes

Varamedlemmer: Erlend Gjelsvik. Åse Hegrenes og Jan Ludvig Hundvebakke.

 

Det har ikkje vore avhalde styremøte i perioden.

 

Restaurering: I 2011 er det berre utført restaureringsarbeid på sperrestova + ein naudreparasjojon på stabburstaket då det blei oppdaga lekkasje der. Alle dei løyvde midlane for 2011 er brukte utan at restaureringa er heilt ferdig. Ein rest står att på restaureringskontoen og er øyremerka ljore som skal monterast av Bjarte Risnes. Ljoren er bestilt hos museumshandverkar Jon Barlund og blir ferdig i løpet av våren 2012. Det er sett opp nytt budsjett for total ferdigstilling, og det blei søkt om nye midlar til hos fylket / riksantikvaren i november 2011.

 

Finansiering og planar: Det blei i 2011søkt om midlar for tilbygg til Nystova og anretningskjøken i sperrestova hos stiftelsen UNI og Sparebankstiftinga i S og Fj. Vi fekk 150 000 hos UNI og 25 000 hos Sparebankstiftinga. Midlane frå UNI blir først utbetalt når resten av finansieringa er fullført. Det er sendt dispensasjonssøknad for montering av anretningskjøken. Frå kulturavdelinga i fylket har vi fått ein antikvarisk uttale om Bensentunet som er ei god støtte når det skal søkjast om fleire midlar seinare.

 

Jan L. Hundvebakke utarbeidde forslag til sanitærbygg / parkeringsplassar i april. Planane vil møte motsegn frå kulturavdelinga i Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Dei ber styret om heller å gå vidare med planane om å bygge om / bygge nytt sanitæranlegg der den nyare garasjen står ved innkjørsla til tunet og vurdere parkeringsløysingar som ikkje gjer så store inngrep i kulturlandskapet.

        

Utført dugnadsarbeid i 2010: Slått i tunet og vanleg vedlikehald.

 

 

Jølster, 11 februar 2012    

 

 

 

Grete Huus                                   Silja Juklestad                                     Atle Reidar Sandnes                                 

 

 

                    Veronica Aalhus                                     Ingrid B. Håheim

 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar