torsdag 1. april 2010

Årsmelding 2009





















Slåttedag i tunet 22 juni 2009.                                                                                                                

Det vart på ekstraordinært styremøte 27 april valt nytt styre for 2009. I samsvar med vedtektene vart to av medlemmene trekte ut til å stå på val, desse var Sigmund Eikås og Atle Reidar Sandnes. Atle Reidar Sandnes vart samrøystes valt for to nye år. Sigmund Eikås sa nei til attval og gjekk av som leiar for stiftinga. Forslag til endring av §2 og §4 i vedtektene vart samrøystes godkjende på møtet.

Det nye styret vart slik etter konstituering:
Leiar : Grete Huus
Nestleiar: Ingrid Norum
Kasserar: Veronica Aalhus
Skrivar: Silja Juklestad
Politisk lobby og presse: Atle Reidar Sandnes
Varamedlemmer med møterett: Erlend Gjelsvik, Åse Hegrenes og Olav Øygard

Styrearbeid:
Det første møtet med eit nytt styre starta i mai med idemyldring under leiing av ass. fylkeskulturdirektør Svein Arne Skuggen Hoff og omvising i bygningane ved Erlend Gjelsvik frå Nedre Jølster bilelag. Der og då fekk vi laga ein struktur rundt det som skal vere prioriteringsområda for stiftinga: ”Føremålet til stiftinga er å ivareta, restaurere og drifte dette freda tunet. Stiftinga skal arbeide for å skape eit levande tun for kunst og kultur”, §2.
Vi har to parallelle fokus: restaurering av den freda bygningsmassen og å åpne tunet for kulturelle aktivitar for folk i grenda og for anna publikum. Før det siste kan realiserast, må ein del restaureringsarbeid – og anna arbeid med bygningane vere gjort. Førebels manglar t.d. både kjøken- og toalettfasilitetar. Søknadar om midlar til dette blir utarbeidd til ulike instansar i 2010.

Dette styret vel å arbeide sakte, men sikkert for å oppfylle føremåla til stiftinga. Vi har lagt opp til at stiftingsstyret er eit arbeidande styre, der vi oppsummerer og fordeler nye arbeidsoppgåver etter kvart møte.

Ålhus er teke med i Sogn og Fjordane sitt bygdeutviklingsprogram, og på det siste møtet vårt, 8 des 09, inviterte vi Ålhus Grendalag for å sjå på moglegheitane for samarbeid. Vi diskuterte Bensentunet sin plass i utviklinga av grenda Ålhus, og gjorde avtale om kontakt og samarbeid framover.

Stiftinga fekk kr 10 000 i driftsstøtte frå Sparebanken S & Fj, avd. Jølster, dette har berga oss gjennom 2009 slik at vi har fått betalt alle avgifter, forsikring og anna. I tillegg gjorde Sunnfjord Energi sponsorarbeid for kr 62 500 med utbetring av det elektriske anlegget som var i svært dårleg forfatning. Selskapet fekk som motyting ein del kunst frå leigetakar i Nystova, Bjørn Kaaks.

Frå 11 mai til 8 des har styret handsama 40 saker.

Litt om kva som er blitt gjort med bygningane i år:
Etter søknad og overføringar frå tidlegare løyvde midlar, fekk vi i løpet av 2009 tilsegn om kr 225 000 til restaurering, og arbeid starta opp om hausten. Det vart føreteke naudreparasjon på løetaket med fibermasse og bølgjeblekk på møne og raft. Nystova fekk ny pipe og god restaurert vedomn som straks blei teken i bruk. Vi har også fått tak i ei svært fint restaurert vedomn til sperrestova. Stiftinga søkte om, og fekk dispensasjon til, å sette opp dei to nye omnane i tunet. Begge er frå same tidsperiode som dei som har stått i husa tidlegare, og er typiske vestlandsomnar. Omnen i sperrestova er av lik modell som den opprinnlege, berre ein etasje lavare. Dei resterande midlane er no øyremerka ferdigstilling av sperrestova inkludert arbeid med pipe og omn der. Nedre Jølster bilelag og murmeister Arne Halbrend utførde arbeidet i og på bygningane. Fjøs og løe står på vent når det gjeld restaurering.

Løa har blitt brukt som lager for store mengder rekvisittar og byggjemateriale frå Audun Hugleiksonspelet i tunet i 2002 og 2004. Ansvarlege frå teateroppsetningane har i løpet av sommaren og hausten henta fleire lass, og Bjørn Kaaks har rydda restane og saga mykje opp til ved.
Også i fjøsen var det oppbevart gjenstandar frå teateroppsetningane, desse er rydda ut og køyrt bort av ansvarlege for spelet.

Uteområdet:
Tunet har blitt sprøyta mot ugras, graset slege og to tregrinder blei laga og sett opp for å halde beitedyr ute. Då det etter ein lang periode med nedbør hadde samla seg svære mengder med vatn i kjellaren under svalstova, måtte det lagast ei dreneringsgrøft ut. Bjørn Kaaks har stått for mesteparten av arbeidet i tunet.


Svidal 8 mars 2010

Grete Huus

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar