torsdag 1. april 2010

Omnsrapport frå styreleiar

1995      1995


1995.Detalj

Omnen som stod i sperrestova var av typen vestlandsk kokeomn, R. Wallendahls modell 215 E, sjå foto frå 1995. Den blei produsert på Ulefos værk. R. Wallendahl i Bergen var ein stor forhandlar og bestilte sannsynlegvis omnar med eige namn på. Omnen vart vurdert restaurert, men det viste seg at den var så skada at det ville blir svært kostbart å gjere det. M.a. må det støypast fleire heilt nye delar, sjå foto. Stiftinga har søkt om, og fått dispensasjon til å sette opp dei nye omnane i tunet.

Skal vi restaurere?

 

Eg fann etter ein del research fram til ein vakkert restaurert omn hos Anders Sundvold på Leira som blei produsert ved Ulefos Værk i same tidsrom som den opprinnelege. Den er svært lik den gamle bortsett frå at den er ein etasje lågare. Denne omnen er også produsert for R. Wallendahl, og modellen er 215 C. I juli reiste Bjørn Kaaks og underteikna til Leira for hente den, men på returen låg det to flotte omnar stabla bak i bilen! I det store utvalet av restaurerte omnar på verkstaden til Sundvold fann vi også ein til Nystova.

Sundvold:Viss de tar denne også,skal de få ein god pris....
                                                              
I Nystova har det stått ein omn av ein mindre type vestlandsk kokeomn. Her finns berre få delar att, på ein av delane stod det R. Wallendahls modell 173 E. Den vi fann var ein fint restaurert kokeomn frå same periode som er produsert i Bergen på Laxevaag Værk.

Prøveoppsetting. Passer perfekt til Nystova.



Prøveoppsetting av kokeomnen til sperrestova:


Arbeidet med restaurering av pipe og montering av omn i Nystova tok til i september. Arbeidet drog ut i tid p.g.a. mykje dårleg ver og opptekne handverkarar som skulle samkøyrast. Ein frostperiode i oktober gjorde til slutt at det ikkje kunne murast pipe i sperrestova som planlagt i år. Dette arbeidet skal gjerast i april / mai 2010.

Montering av omn i Nystova oktober 2009.

 

Bilder av pipearbeid  november 2009:





Det måtte skaffast murstein til muring av pipe i sperrestova, og etter tips tok eg kontakt med Frode Høyvik i Balestrand, eigar av Askelund futegard. Han hadde steinar ( inkludert ein del klinker ) for sal til eit godt føremål som vårt. Bjørn Kaaks og eg reiste til Balestrand og fekk med oss 300 mursteinar. Vi jobba nokre kveldar utover hausten med å reinse steinane i Kaaks sin nyoppretta ”klinkerverkstad” under Nystova. Resten tek vi til våren 2010!
Arbeids- og kveldstemningsbilder frå "klinker"verkstaden under Nystova:






Grete Huus, 10 des 2009

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar