mandag 8. juni 2009

Tunet og stiftinga si historie

Av cand.philol. Stig Årdal


Mellom gardsbruk med moderne driftsbygningar og eit kulturlandskap skapt av moderne maskinar og ny teknologi, står dei gamle bygningane i Bensentunet fram som eit tidsbilete frå ei anna tid, eit anna driftsmønster og ein annan levemåte.

Nedrebø


Tunet som i dag for mange er kjent som åstad for spelet om Audun Hugleiksson blir omtala både som Bensen- og Bendikttunet, og er eit av bruka på garden Nedrebø. Lokalt blir garden framleis omtala som ”Nerbe” – ein måte å forenkle og dra i hop namn på som har vore vanleg heilt opp til vår tid. Vi finn att det same i ”Ørbe” og ”Hegnes” – Øvrebø og Hegrenes.



Vi har lite kunnskap om Jølster frå tida før svartedauden. Men pesten gjekk hardt utover folketalet i bygda. Dei som ikkje rauk med flytte gjerne ut til kyststroka, der det no var lettare å finne livsutkome. Så seint som i 1520 fortel eit skattemanntal at det berre var to gardar i heile Jølster som var i bruk, Ålhus og Hegrenes. Men no må det ha vore ei jamn tilflytting, og i 1563 er det registrert 25 gardbrukarar i Ålhus sokn.



I 1585 låg Nedrebø under Førdekyrkja, men i 1590-åra var det Naustdalkyrkja som stod som eigar. Truleg var avfolkinga ein medverkande årsak til at soknet blei liggjande under utanbygds kyrkjer. Naustdalskyrkja var eigar også ved teljingane i 1672, 1690, 1710 og 1717. Men i 1795  blei ho med alt  tilhøyrande jordegods kjøpt opp av oppsitjarane på Nedrebø,  Johannes Erikson, Daniel Simonson, Nils Johannesson og Søren Knutson. For dette betalte dei 1.050 dalar kvar og blei med dèt sjølveigarar. Seljar var enkja etter futen Hans Arentz. Dei tilhøyrande jorder var Nedrebø, Fylling i Gaular og fleire gardar i Naustdal sokn: Fimland, Byrkjeland, Fitje, Lia, Hukset, Grimset, Ervika og Friborg.



Kyrkja blei verande i privat eige fram til 1856 då soknet tok over. På folkemunne heiter det at eigarane ville ta seg betalt for å late kyrkjelyden bruke den største kyrkjeklokka når det var gravferd. Derimot fekk dei lov å bruke den minste klokka utan at det skulle koste noko. Det var neppe storsinn som var utslagsgjevande her. Klokka var nemleg så svak at lyden var ”temmelig nær lyden af en almindelig kobjælle”. Som om ikkje dette var nok, skulle altervinen vere så dårleg at det blei gått til sak mot eigarane!

Klyngetun


Før utskiftinga var bygningane til alle fire bruka på Nedrebø samla i eitt klyngetun. I eit utskiftingskart over Nedrebø frå 1867 finn vi korleis bruka i tunet var plasserte. Vegen gjekk gjennom det gamle tunet på oppsida av fjøsen. Fara etter den er enno synleg. Sentrum i tunet var om lag der vegen går i dag. Her møttest mennene ved fjøstid for å løyse små og store problem. Folk i dalen kan framleis minnast gamlekarane som om sundagskveldane benka seg her for å slå av ein prat.



I dag plasserer Bensentunet seg på oppsida av dalsvegen. Nedrebøtunet, eller ”Nerbøtunet”, ligg på nedsida av vegen. Det blei òg kalla ”Dar nere”, og var bruket som Bensentunet, eller ”Dar ute” blei skild ut frå. Nabobruket lenger inn mot dalen blei nemnt som Simatuet, eller ”Dar inne”. Og då er det vel ikkje meir enn naturleg at tunet som låg ovanfor blei kalla for ”Dar oppe”. Dèt var det einaste av bruka som blei flytt ut som følgje av utskiftinga. I dag ligg det eit stykke ovanfor Bensentunet, det som no er Geilmyrane. Innmarksarealet var så pass heilskapeleg delt mellom bruka at innmarka stort sett blei liggande uskifta, noko som kanskje kan gje litt av forklaringa på kvifor bruka blei liggande. Det vanlege var at klyngetuna blei  ”sprengde” ved at dei fleste bruka blei flytte ut frå det gamle klyngetunet.



Innmarksarealet var så pass heilskapeleg delt mellom bruka at innmarka stort sett blei liggande uskifta, noko som kanskje kan gje litt av forklaringa på kvifor bruka blei liggande. Det vanlege var at klyngetuna blei  ”sprengde” ved at dei fleste bruka blei flytte ut frå det gamle klyngetunet.        



Dei gamle klyngetuna var senter for mange generasjonars kultivering og fordeling av ressursar. Og med dèt danna det seg eit fellesskap med sams kunnskap, tradisjon og forståing for korleis det som naturen gav best kunne nyttast. Ofte var det ikkje berre felles jordteigar ein samarbeidde om, men også felles løer, stove og fjøs. Mange generasjonars kunnskap om lokale klimatiske og økologiske forhold låg bak når tuna skulle utvidast og nye bygningar skulle reisast.



Teigblandinga, som mot slutten av 1800-talet hindra den teknologiske utviklinga som pressa seg på, var truleg ein konsekvens av ein slik tankegang. Kvart bruk hadde sine partar i innmark og utmark, og samarbeidet mellom dei ulike bruka måtte vere svært gjennomarbeidd for at det skulle fungere. Her var det ikkje mykje rom for ein enkelt brukar som ville gå eigne vegar. Men for si tid var nok driftsforma den mest tenlege, med, etter si tids føresetnader, maksimal utnytting av alle tilgjengelege ressursar.



I dag blir eit gardsbruk sett på som ei produksjonseining. Men det gamle klyngetunet var noko mykje meir. Dei store tuna, som det var mange av på Vestlandet,  var også på ein heilt anna måte ein sosial institusjon. I dag hadde vi ikkje kjent oss att i dei sosiale styrereglane som folka her levde etter. Vi hadde nok oppfatta dei som strenge, framande og trongsynte. Men det var særs viktig at dei blei følgde av alle. Dei sosiale kodane hang ofte mykje i hop med driftsmessige omsyn.  Med teigblanding og finurlege reglar og tradisjonar for fordeling av ressursar i inn- og utmark, var det ikkje mykje å gå på for dei som ønskte å gå eigne vegar. Den gamle driftsforma var heilt avhengig av samhandling og innordning for at det skulle gå i hop.



Men mot slutten av 1800-talet blei systemet sprengd. Det kunne ikkje lenger stå i mot den nye tids krav til pengeøkonomi og mekanisering. Sjølvbergingstanken var på hell, og nye driftsmåtar trengde seg på. Utskiftingane var av dei viktigaste føresetnadane for at utviklinga kunne halde fram. Men med den blei òg mykje av det gamle kulturlandskapet rive opp. Dei gamle klyngetuna, som var ein konsekvens av mange hundre års oppsamla kunnskap, arbeid og tradisjon, blei løyste opp.



Med den nye tida kom det nye stilartar og bygningsløysingar som gjorde at den tradisjonelle byggjemåten blei mindre og mindre praktisert. Funksjon og utsjånad på gardstuna blei radikalt endra. Det gamle tunet bestod av mange små hus, løer og fjøs som kvar for seg hadde sine særlege funksjonar. Til dømes kunne det vere eit fjøs for sau, eitt for geiter og eit for storfe. Løa stod for seg sjølv. No blei alt dette samla i kombinerte driftsbygningar. Likeeins blei bustadhusa større og gjerne bygt i fleire etasjar. Gjeremål som før var lagt til stove, loft, stabbur og eldhus blei no samla under eitt tak. Aukande turisme sytte for at nye impulsar fekk fotfeste, og særleg trekk som kjenneteiknar sveitsarstilen blei vanleg. Dette representerte den nye tids driftsteknologi. Men samstundes blei dei lokale særdraga i tradisjon og stil viska ut, og byggjemåten blei meir sams over heile landet.

Bensentunet i dag


I dag er det seks bygningar i tunet. På veg opp dalen kjem du først på fjøsen, bygningen som står langsetter vegen. Den skal vere det eldste bygget, og blir sagt å vere over 300 år gamalt. Tidfestinga er på bakgrunn av munnlege overleveringar, og må i beste fall vurderast som omtrentlege.

           

Plassert mellom fjøsen og løa står svalstova, eller bua. Ein svalgong er ein overbygd gong rundt, eller framføre, eit trehus, noko som ikkje var uvanleg i eldre byggjestil. Ofte var stabburet bygt på ein slik måte, noko vi til dømes finn i Movika. Bygget skal vere frå byrjinga av 1800-talet, og mest truleg var det Gunder Gregoriusson Støfringshaug som var byggmeister, same person som stod for bygging av Ålhuskyrkja i 1795. Gunder Gregoriusson Støfringshaug bygde og leverte stover for oppføring andre stadar. Vi kan òg studere arbeidet hans i bua i Strandstunet på Hegrenes. Om den skriv Egil Øvrebø i boka om Ålhus kyrkje: ”eit særsyn av eit hus, så føreseggjort”.

           

Nystova er plassert ovanfor fjøset og svalstova. Som namnet tyder på, må den vere den nyaste bygningen, og skal vere bygt av Johannes Bendiksson Nedrebø (1854 – 1934), son av Bendik Johannesson som kjøpte bruket i 1851. Den må vere frå siste del av 1800-talet.



På oppsida finn vi sperrestova, det vil seie at ho var open heilt opp til sperrene. I Sunnfjord var det sperretaket som var den vanlegaste takkonstruksjonen. I sperrestova var det eldstad, og i tillegg til å fungere som opphaldsrom var den også arbeidsplass. Førefallande arbeid som reparasjon av reiskapar blei gjort her, i tillegg til veving og anna handverk.



I beten har nokon rissa inn årstalet 1832. Men vi veit ikkje sikkert om det fortel oss kva år ho blei bygt, eller om det heller seier noko om ho blei flytta eller endra på. Ser ein nærare etter, finn ein at muren ho står på er vidare enn sjølve stova. Som ei forklaring på dette blir det sagt at ho ein gong skal ha blitt teken ned og ført opp att med nye nover, noko som gjorde ho mindre enn tidlegare.



Som dei fleste bygningane i Bensentunet er sperrestova i laftekonstruksjon. På våre kantar var dèt den vanlegaste byggjemåten, ved sida av stavkonstruksjon. Med lafting blei husa tette, og det blei lettare å halde på varmen. I Sunnfjord var difor alle hus til menneske og dyr, samt bygningar meint til  oppbevaring og lagring av mat, klede og andre verdiar, lafta.



Lafteteknikken går tilbake til vikingtida. Prinsippet går ut på å leggje stokk på stokk oppå kvarandre, slik at dei vekselvis føyar seg saman i hjørna. Metoden gav god isolasjon, og verna godt mot til tider harde vêrtilhøve. Ut frå korleis laftinga er utført er det mogeleg å få vite noko om alderen på bygningen. I tidlegaste tider nytta ein den runde stokken som han var. Utover i mellomalderen vart det vanleg å hogge stokken oval. På 16- og 1700-talet tok ein så til å hogge stokkane slette både på inn- og utsida. Mot slutten av 1800- talet vart det vanleg med saga og høvla plankelaft.



Løa er reist etter dei same prinsippa som stavkyrkjene – i stavkonstruksjon. Det var ein byggjemåte som generelt blei mykje brukt i løer, naust og andre uthus. Metoden bygde på at ein tverrgåande bete låg på to stavar som var stiva av med skråband eller kne. Dette dannar ei grind, og byggjemåten blir difor òg kalla for grindkonstruksjon. Grindane blei sette opp etter kvarandre. Rammeverket, som var den berande konstruksjonen, blei tetta med bordkledning. Det var breidda og styrken i materialet som avgjorde kor breitt eit rom kunne vere. Ein meiner at eit ein slik byggjemåte har vore i bruk frå så langt tilbake som jernalderen, og at den må ha vore kjent i heile Nordsjøområdet. Men det er berre i dei vestnorske kystområda at den var i bruk heilt opp mot vår tid. Etter utskiftinga blei den mindre vanleg også på våre kantar. Oppetter eine veggen til løa kan vi sjå murane til ein stall som fall ned før restaureringa tok til. Vi har ikkje opplysningar som kan hjelpe oss å tidfeste bygget.



For å gjere det vanskelegare for skadedyr å kome seg inn, var stabburet oftast reist opp frå bakken på stolpar. Rundt stolpane var det ein utoverhengande krans som dyra  ikkje kunne forsere. Av same årsak var trappa skilt frå sjølve bygningen. Stabburet var i ein, eller som her, i to etasjar. Som ein forholdsregel mot både to- og fireføtte tjuvar var det på mange av stabbura rissa inn krossar på døra. Vi greier heller ikkje å tidfeste stabburet i Bensentunet, men det skal visst nok vere av dei største i Sunnfjord.



1600- og 1700-talet


Går vi tilbake til 1600-talet låg dei to bruka Bensentunet og Nerbøtunet, eller ”Dar nere”, saman. Brukaren heitte Anders Krispinusson (ca 1570 – 1643), og var son til presten Krispinus Johannesson. Rundt 1625 blei ein del av bruket drege over til sonen, Nils Andersson Nedrebø. Det var meininga at bror hans, Johannes Andersson, skulle ha den delen som var att. Men Nils var tydelegvis usamd, og saka hamna i retten. Han vann saka og kunne ta over eit samla bruk etter sin far. 



Nils Andersson Nedrebø fekk berre èin son, Jens Nilsson Nedrebø (1627 – 1704). Han var lensmann frå 1667 til han døydde i 1704. I 1649 overtok han ein del av bruket, men det blei slege i hop att då faren døydde i 1669. Men bruket stod ikkje udelt lenger enn til 1675, då sonen Lars Jensen (1650 – ca. 1712) fekk eine delen. Då først blei det ei permanent inndeling, der Lars Jensen sin del er det som seinare skulle bli omtala som Bensentunet.



I neste omgang var det sonen, Nils Larsson, som tok over. Medan han sat som oppsitjar skal det ha kome til ufred med bruket ”Dar nere”, noko som enda med at Nils  fekk auka sin del. Løysinga på konflikten blei i første omgang at Erik Erikson Klakegg gifta seg til bruket ”Dar nere”, og fekk gifta søster si med Lars Nilsson som var neste generasjon i Bensentunet. Men freden sat ikkje djupare enn at usemja blussa opp att då dottera til Eirik, Rakel, døydde. Saka enda med at Lars Nilsson i 1770 makeskifta bruket på Nedrebø med eit bruk i Kjelsneset. Den nye brukaren heitte Knut Jensson Kjelsnes. Han var klokkar og sat med bruket til han døydde i 1789. Sonen, Søren Knutson, som også var klokkar, var blant oppsitjarane på Nedrebø som i 1796 gjorde seg til sjølveigarar ved å kjøpe Naustdalskyrkja med tilhøyrande jordegods. Det høyrer med til historia at Lars Nilsson, som døydde alt året etter, skal ha angra på bytet.



Dei siste brukarane


I 1807 kjøpte lensmann Ole Ellingson bruket av Søren Knutson, og med dèt ¼-del av Naustdalskyrkja, for 2550 spesidalar. Av kjøpesummen måtte Ole Ellingson låne 1100 spesidalar, men alt tre år etter var gjelda sletta. Denne Ole var busett både på Bjørset, Hegrenes og Nedrebø, og var lensmannskar nokon år før han tok over som lensmann etter Jens Erikson. I 1823 døydde han på ein tur ”ut i Dalen”. Framleis i dag blir plassen han blei funnen på kalla for ”Lensmannsflata”. 



Ole Ellingson og kona, Lucie Hansdatter Søgnesand, fekk ikkje barn. Men dei tok til seg ei jente som heitte Marthe Johannesdatter Fonn, som igjen blei gift med Anders Johannesson Nedrebø. Son deira, Ole Andersson fekk i 1823 skøyte på bruket, berre fire år gamal. Anders Johannessen dreiv bruket i sonen sitt namn, men då han døydde i 1848 var økonomien svært skral. Både gard og lausøyre var då sett i pant, og det gjekk ikkje betre enn at bruket dette året blei delt.



I eit forsøk på å bøte på situasjonen gjorde Ole innbrot, men greidde ikkje å kome seg unna ansvaret. Og med dèt følgde sjølvsagt straff. I 1851 blei han fengsla i Bergen, og kom aldri meir attende til bygda. Då han kom ut att tente han til livsopphald som ølkøyrar i Årstad ved Bergen. Mora, Marthe Johannesdatter, fekk kår på bruket, men flytte etter kvart til Vevring. I 1866 reiste ho saman med dottera og svigersonen til Amerika. Då var ho over 60 år.



Det var såleis ei både tragisk og dramatisk historie som var opptakta til Bendik Johannesson i  1851 kjøpte bruket. Han overtok båe partane etter delinga i 1848, slik at bruket no var som før. Han var fødd på Ålhus gard, bruk nr. 2. For si tid var han godt skrivefør, og sat i ein periode som ordførar. Det høyrer med til historia at han var son til ”Aksnes-Johannes”, Johannes Ellefsen Aksnes frå Hardanger, som enda i Jølster om fosterson til presten Doth.

Felespelarar


Bendik Johannesson spelte fele, og det var av han sonen Johannes lærte å spele. Han kom til verda i 1854, og blei av dei mest kjente spelemennene i Jølster. På bygda gjekk han som ”Bendik-Johanes”. Ofte var det slik at namna gjekk att mellom generasjonane, og det kunne difor vere mange med same namn. På Nedrebø var det fleire ”Johannes’ar” som då blei omtala med tilnamn for å skilje dei frå kvarandre. Namnet refererte ofte til kvar dei budde eller kom frå. Slik fekk ein til dømes ”Johanes dar oppe”, ”Johanes på lemma” og ”Johanes dar nere”.



Om ”Bendik-Johanes” blir det sagt at han ikkje likte å lære frå seg det han kunne. Rett nok let han mellom andre Arne Bjørndal skrive ned felespel etter han, men det heiter seg at han etterpå kunne seie at ”men han fekk ikkje dei beste”.



Tre av dei åtte borna til Bendik-Johanes og kona Lovisa Olsdotter, f. Østenstad, utvandra til Amerika. Sonen Bendik Johannesson, f. 1884, overtok bruket, men det blei etter kvart drege over til broren Andreas. Bendik gifte seg med Katrine Johannesdotter Flatjord. Dei fekk dottera Katrine i 1917. Ho levde til 1961. Bendik sjølv døydde 1970.



Det er Jenny Andreasdotter Blindheim som fekk skøyte på bruket, men ho og ektemannen, Robert Blindheim, busette seg i Bergen.



Andreas var også kjent som ein dyktig felespelar, men han var nok likevel ikkje av same kaliber som faren. Med nye tider kom nye musikkformer, og tradisjonelt felespel var ikkje lenger like påakta som før. Men han spelte framleis til dans når nokon spurte han om dèt.

Friplass


Enkelte kunne nok meine at det i tunet var eit noko avslappa forhold til aksepterte sosiale normer. Men for nokon av dei som på denne tida vaks opp i grenda kunne tunet også opplevast som ein friplass. Rett nok var det tillete med litt grovt språk, og historier som mange vil oppfatte som ”vaksenprat” kunne nok bli servert. Men det var ikkje noko ilt i det, og borna stoppa ofte opp på veg heim frå skulen for å prate med dei. Slik vart dei for mange ein viktig del av miljøet og oppveksten i grenda. Dei var opptekne av born og ungdom og var positivt interessert i at ungdomen skulle aktivisere seg. Elles var dei særs engasjerte i skyttarvesenet, og var kjende som dugande jegerar. Engasjementet famna også om idrett, sjølv om dei ikkje stod i fremste rekkje, men støtta opp dei som ”fronta” idrettsarbeidet.



Sjølv om ikkje bygningane på tunet bar bod om tidsmessig gardsdrift, må dei i nokon samanhengar sjåast på som føregangsfolk. I 1920-åra var Bendik av dei første i bygda som tok til med avl av pelsdyr, og Bensentunet var også mellom dei første bruka det kom bil og traktor til. At det kom traktor til grenda var ei storhending. Sjølvsagt var folk nyfikne, og den kvelden den kom til Ålhus var det samla ei ikkje så reint lita folkemengde for å ta viddunderet i augesyn.



Dei var også tidleg ute med radio og fotografiapparat. Slik sett var dei nyfikne på nyvinningar, noko som også spegla av litt av personlegdomen deira. Dei var kjende for å vere opne for nye ting, var ikkje var redde for å gå eigne vegar. Men dei la heller ikkje skjul på kva dei stod for. ”Det var ikkje med rullegardina nede”, som det er blitt formulert.

Nikolai Astrup


Nikolai Astrup sin kunst gjev oss i dag ein gløtt av det gamle bondesamfunnet i Jølster. Vi kan alle danne oss eit inntrykk av dei gamle klyngetuna gjennom hans motiv frå til dømes Ålhustunet og Midttunet i Sanddalen. Men det var ikkje berre som kunstnar han let etter seg vitnemål frå eit tidlegare samfunn. For det var vel nettopp verdien av å ta vare på noko av den gamle kulturarven han såg då han i 1923 tok initiativ til å frede Bensentunet.



Den gamle levemåten og kulturen i bygda var viktig for Astrup, og alt frå unge år sette han inn mykje tid på å samle folkeminne, segner og skikkar. Mellom anna prata han med gamle folk og skreiv ned det han høyrde. Mykje kan tyde på at han samla stoff til ei ”Jølsterbok”.  I ei brytningstid hadde han interesse av å ta vare på det han oppfatta som den gamle levemåten i bygda. Det er nettopp her at mange av bileta til Astrup, i tillegg til sine reint kunstnarlege kvalitetar, også er av ikkje så reint lite kulturhistorisk verdi. For det skulle ikkje ta mange år før mykje av gardsmiljøet som han skildra gjennom sin kunst, slik vi kan oppleve det gjennom motiv frå til dømes Ålhusgarden, var borte.

Restaurering og visjonar


Og det er her Bensentunet i dag står som eit vitnemål om ein annan levemåte, frå ei anna tid. Astrup var tidleg ute i sitt engasjement, men det var nok langt frå dei fleste av sambygdingane som skjøna verdien av å ta vare på eit slikt tun. Og det skulle ta lang tid før ein skjønte kva som var i verd med å gå tapt. Rett nok budde det folk på garden til opp på 70-talet. Men bygningane kom i forfall, og det var først ved byrjinga av 80-talet at det blei teke initiativ til restaurere tunet. (Sjølv kunne underteikna sin eldste bror fortelje, etter at han som smågut var innom tunet, at han hadde vore inne i eit hus der det vaks gras i gongen!)



I første omgang blei tunet og bygningane målte opp av arkitekt Jan Ludvig Hundvebakke i regi av Riksantikvaren, eit arbeid som gav grunnlag for vidare arbeid med istandsetting og utarbeiding av bruksplan. I 1982-83 tok kunstnaren Elsa Eikaas Bjerk initiativ til dugnadsarbeid for å sette tunet i stand.



I 1983 blei så Stiftelsen Nedrebøtunet skipa med tanke på å gje nytt liv det over 300 år gamle tunet. I første omgang dreia det seg om å bøte på det mest alvorlege forfallet. Men visjonane var store. Etter vedtektene var målet på sikt ”å kjøpe og drive tunet med tanke på å skape eit aktivt kunst- og kultursenter”. Det blei også oppretta eit venelag som gjekk inn som eigar av stiftinga, og som skulle tryggje tunet økonomisk. Laget var tenkt som ein medlemsorganisasjon, der einskildpersonar, verksemder, institusjonar og lag skulle stå som medlemar. Innsatsen til venelaget og tilskot frå Norsk kulturråd gjorde at Stiftinga Bendikttunet i 1986 kunne kjøpe tunet av dåverande eigar, Jenny Blindheim, dotter til siste brukar, Andreas Bendiksson.



Dåverande fylkeskultursjef Lidvin M. Osland var blant dei som ivra for tiltaket, og tok initiativ til først å restaurere sperrestova, nystova og fjøsen med pengar frå det offentlege. I tillegg la han fram ein idè om at ein kunstnarfamilie i eitt års tid kunne få bu gratis i tunet, som eit slags ”Jølsterstipend”. På sikt var det meininga å ta heile tunet i bruk til kulturelle føremål.



Det var laga planar om at fjøsen, under føresetnad av at Riksantikvaren ville godkjenne ei slik ombygging, bli verkstad og arbeidskjøkken med rom for sanitæranlegg. Nystova og sperrestova var tenkt brukt til bustadar for gjestande kunstnarar. På sikt skulle den store løa brukast til utstillingslokale, konsertar, atelier, møte og seminar og så vidare. Hovudtanken var eit samspel mellom lokale krefter og impulsar utanfrå. Blant kunstnarar var det stor interesse for prosjektet, også på landsbasis.



Frå slutten av 1980-talet var det lite aktivitet i venelaget. Men Audun Hukset, som var styreleiar på 1990-talet, sytte for at bygningane blei sette i stand mot vidare forfall. Så blei det igjen pusta nytt liv i tankane som Bensentunet som kultursenter.





Hausten 2001 blei det valt eit nytt styre for Stiftinga Bendikttunet som pusta nytt liv i tankane om Bensentunet som kultursenter. Ei avtale mellom Stiftinga Bendiktunet og Stiftinga Audun Hugleikson gjorde at sogespelet om Audun Hugleiksson blei sett opp i tunet i 2002 og 2004. Etter desse oppsetningane var det ikkje spesielle kulturaktivitetar i tunet, men det blei utarbeidd ny skjøtselsplan og gitt løyvingar frå Riksantikvaren til viktig restaureringsarbeid. Våren 2008 blei Venelaget formelt avvikla, og eit nytt styre kom på plass.

Stiftinga heiter no Stiftinga Bensentunet.



I dag er kanskje tunet mest kjent som staden for Audunspelet, det første store løftet mot realisering av planane om bruk av tunet som eit levande kultursenter. I dag er tilstanden til bygningane og tunet i sin heilskap god, så god at neste steg i utviklinga bør handle om å levandegjere tunet. Kanskje bør tidlegare planar, eller delar av dei, gripast tak i på ny? Tunet kan i så fall bli eit godt eksempel på korleis eit freda bygningsmiljø kan takast vare på gjennom ny aktivitet. 



KJELDER



Litteratur:

Albert Joleik: Sunnfjordssoga I og II

Albert Joleik: Soga um Jølst fram til 1801

Anders O. Klakegg: Bygdebok for Jølster

Egil Øvrebø/Oddleiv Apneseth: Ålhus Kyrkje

Øystein Loge: Gartneren under regnbuen – Nikolai Astrup

Yngve Nedrebø m. fl.: Audun Hugleiksson. Frå kongens råd til galgen

Stig Årdal: Jordbruket i Jølster 1850-1910. Hovudoppgåve i historie, UiB 1995

Finn Borgen Førsund: Jølster. Hundre år med bygd og bank.

Bjarte Øvrebø: 300 år gamalt tun vert kunst-, kultur- og miljøsenter (Sogn og Fjordane magasin)

Anna kjeldemateriale:


Kopi av utskriftingskart  frå 1867

Yngve Nedrebø – oversikt over brukarar i Bensentunet          

Vedtekter for stiftinga Bensentunet

Vedtekter for Bendikt-tunet venelag

Sunnfjord museum – Websider – byggeskikk

Utgreiingsmateriale og teikningar i samband med restaurering – Arki – Bergseth/Hundvebakke

Svein-Olav Sandnes: Ættesoge/brukarar Nedrebø.

Digitalarkivet: Yngve Nedrebø – lensmannsboka

Statsarkivet i Bergen sine websider: Manuset til lensmann Jens Nielsen Nedrebø

Div. skøyter, målebrev, tinglysingar



Munnlege kjelder:

Bjarte Øvrebø

Njål Nedrebø

Egil Øvrebø

Terje Lyngstad